Opp- og nedrykk sesongen 25/26
Det nærmar seg sesongslutt for våre seniorlag. Dei neste kampane kan bli avgjerande for opp- og nedrykk.
Vi har fleire lag som kjempar for opp- og nedrykk i våre regionale seriar. Det samme gjeld lag frå Region Vest som er representert i dei nasjonale seriane. I skrivande stund er det mykje som endå ikkje er avgjort, då fleire av laga endå har nokre kampar igjen å spele. Vi viser til vårt kamp- og konkurransereglement i henhold til bestemmelsane for opp- og nedrykk. Sjå frå §11 og nedover, som gjeld opp- og nedrykk. Her kan du sjekke status for ditt lag ut frå tabellplassering, samanligna med bestemmelsane og retningslinjene i reglementet vårt.
Når ting er meir avgjort for alle lag så vil vi komme tilbake med ein statusoppdatering på kven som rykker opp og ned frå dei ulike divisjonane og korleis divisjonane for neste sesong vil sjå ut.