Annonse:
Pocket Valley
Annonse:
Pocket Valley

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

HODD-1.jpeg
Ungdomsrådet i Hødd handball samla med vinnaren av signert landslagsdrakt. Frå venstre: Knut Nytun Moldskred, Isak Flø, Niels Adon Leenders, Knut Nytun Moldskred, Johannes Kaul, Isabel Løseth Holstad og Amanda Osnes Låbakk. (FOTOS: Hødd ungdomsråd)

Hødd ungdomsråd laga stor EM-stemning

Ungdomsrådet i Hødd gjorde suksess med å invitere ungdomane i klubben til EM-kamp på storskjerm.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Søndag 12. januar samla om lag 50 ungdomar frå Hødd handball seg på klubbhuset i Ulsteinvik for å sjå handballgutta spele mot Frankrike i Euro-2020.

HODD-2.jpeg

Dei fleste frå G13-laget til Hødd handball samla på Høddvollhuset. Nokre av spelarane hadde også teke med seg ein ven som var nysgjerrig på handball.

 

I løpet av kvelden blei det arrangert Kahoot-konkurranse med signert damelandslagsdrakt som premie. Det blei også kåra årets gledesspredar mellom ungdomane. Stemninga var god i utgangspunktet, og blei naturleg nok berre betre av resultatet.

Ungdomsrådet i Hødd handball blei starta opp i haust og skal vere eit bindeledd mellom ungdomen og dei styrande organa i klubben.

I samband med ein konkurranse arrangert av klubbsponsor Tussa, vann ungdomsrådet ein pengepremie. Den ville dei nytte til eit formål som kunne fremme det sosiale miljøet, spesielt i aldersgruppa 13 til 18 år. 

Dei bestemte seg for å arrangere noko der ungdomane kunne delta, og vere i lag for å bli betre kjent med kvarandre. Sidan det skulle vere EM i handball nesten på heimebane, blei det bestemt at det kunne vere kjekt å lage eit arrangement der ein kunne vise ein av Noreg sine kampar på storskjerm.

Valet falt på Noreg kampen mot Frankrike. Nokre av pengane blei brukt på å spandere pizza og drikke på deltakarane.

– Ungdomsrådet har vore med i heile prosessen med planlegging og organisering i forkant av arrangementet. Dei har fått opplæring i å lage prosjektplan med ansvarsfordeling og tidsfristar, og har deltatt med stor entusiasme under heile prosessen, fortel Susanne Løset som er klubben sin kontaktperson for ungdomsrådet.

Ho fortel at ungdomsrådet har planar om fleire kjekke aktiviteter for ungdommen i klubben.

 

HODD-3.jpeg

Desse tre kom til finalen i kåringa av årets gledesspredar. Knut Nytun Moldskred, Amalie Flø og Natalie Silden Muren – som vann.