Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

BERGSØY-Månedenslag_mai-640x360.jpg

Debuten ga mersmak

Laurdag 10. februar var Bergsøy United på si første handballturnering, i Trivselhagen på Sandane.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

 

Vi reiste  for å spele to kamper. Vi har aldri før stilt opp i kamp så vi var spente på både det å skulle spele på ei skikkelig handballbane og på kor flinke motstandarane var.

 Vi skulle spele mot Førde United og Florø SK som begge har spelt fleire kamper i Gullserien som blir arrangert av NHF Region Vest.

 
Bergsøy United-1.jpg

Bergsøy United-3.jpg

Første kamp var mot Førde United. Det var litt skummelt med samtidig så var det kjempegøy å endelig få spele kamp. Førde laga første måla, men så fann vi ut korleis vi skulle spele. Vi  scora mål og stoppa Førde med godt forsvar- og keeperspel og hadde det kjempegøy.

Bergsøy Handball sin første kamp i HU-serien endte med tap 6-9, men vi var kjempefornøgde med prestasjonane våre og jubla i lag med Førde.

 Bergsøy United-2.jpg

Andre kamp var mot Florø SK som hadde veldig mange spelara å ta av. Noen av dei var kjempeflinke skyttera og dei laga mange mål i første omgang.  Men vi sto på og vart bedre og bedre utover kampen.  Vi fikk noen gode målvaktsredninga og flotte scoringer.  Vi låg bak med åtte mål, men så klarde vi å holde følge.  Masse flotte prestasjoner vart vist på bana og jubel i taket for alt vi klarde.  Vi scora totalt 11 mål i denne kampen, mot Florø sine 19 mål.

 Bergsøy United er ein fantastisk kjekk gjeng som viser sann idrettsglede både over egne prestasjoner og andre sine prestasjoner.  Her er alle like gode.

Tekst:Stig Vestnes (stolt trener)
Foto:Bergsøy United

 Bergsøy United-ferskt lagbilde.jpeg

 Bilde fra siste turnering laget var med på, i Førde – Gullserie avslutning i Region Vest – i april. Bak frå venstre: Sigbjørn Myrseth og trenar Stig Vestnes
Framme frå venstre: Thomas Osnes Kvalsvik, Sia Marie Tollås,  Synnøve Kvalsvik, Per Ivar Kleppestrand og Linn Skorpen.