Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

IMG_1690.JPG

Oppgaver i klubb - Sport

Her ynskjer vi at kvar klubb skal kunne hente aktuelle oppgåver frå listene til sin klubb, og dermed skape gode arbeidsdokument. 

Nokre klubbar vil oppleve at mange, kanskje dei fleste oppgåvene er aktuelle, medan for andre klubbar vil færre oppgåver vere aktuelle. Vi trur uansett det kan vere nyttig og lærerikt å gå gjennom slike lister for å få tips om korleis ein kan organisere og fordele oppgåvene i ein handballklubb.

Sportsleg leiing
Aktivitet Tidsfrist Ansvar
Vedlikehald og utvikling av ein overordna sportsplan.    
Utvikling av andre sportsdokument som øktplanar, rammeplan, plan for spelar- og trenarutvikling.     
Etablere sportsleg utval og fordele ansvar for ulike område    
Utarbeide retningslinjer for aktiviteten rundt laga, og mellom ulike lag i klubben    
Rekruttere spelarar    
Oppstart av nye lag / aldersklassar.    
Utvikle skoleringsplan for trenarar, dommarar, og dommarvegleiarar    
Fordele treningstid i gymsal og hall mellom klubbens lag    
Melde laga på i turneringar.    
Trenarar
Skaffe og følgje opp trenarar.    
Arbeide med skoleringsplan for trenarane    
Intern skolering av trenarar.    
Arrangere trenarmøte.    
Utvikle oppfølgingsordning for laga i klubben    
Samarbeidstiltak på tvers av laga og mellom dei ulike trenarane    
Samarbeidstiltak mellom naboklubbar for trenarar og lag    
Oppdatering av trenarlister.    
Dommarar
Oppretting av dommarkontakt / dommaransvarleg    
Rekruttering av nye dommarar.     
Rekruttering av klubbvegleiarar og vegleiarar    
Organisere dommaroppfølging i kamp frå klubbvegleiarar eller vegleiarar    
Melde ivrige og talentfulle dommarar til høgare utdanning og/eller dommarutviklingsgrupper regionalt    
Sørge for utstyr til dommarane    
Arrangere faglege og sosiale samlingar for dommarane i klubben    
Informere dommarane om forfallsreglar og sperreskjema    
Organisere haldningsskapande arbeid i klubben