Annonse:
Pocket Valley
Annonse:
Pocket Valley

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Knarvik IL klubbutvikling.png

Klubbutvikling i Knarvik Idrettslag

fra idé til planutkast.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Knarvik IL ved Jostein Skråmestø tok kontakt med Regionskontoret og Idrettskretsen allerede i romjulen 2014, og dette ble starten på vår reise sammen med klubben. 

Jostein Skråmestø og Knarvik IL har under delt sine betraktninger rundt prosessen. 

God lesning! 

Bakgrunn

Underteikna var leiar i Radøy I.L. 1977-78 og seinare i ein femårsperiode 1988-1993.  I løpet av desse åra fekk eg stor respekt for dei administrative utfordringar som er i eit fleiridrettslag, men og kunnskap om verktøy som kan vera nyttige for den som skal styra.

Eg trudde eg var ferdig med idrettslagsarbeid i 1993, men dottera mi, Elin Skråmestø Hinriksson, ville det annleis.  - No når du er pensjonist, kan du vel ta jobben som kasserar for handballgruppa i Knarvik I.L., var spørsmålet eg fekk i 2012.   At barnebarnet mitt då ville starta opp i yngste årsklasse for jenter handball var ein viktig grunn til at eg svara ja.  Dermed fekk eg innpass i eit triveleg miljø med mange dyktige personar som gjer sitt beste for å tilby positiv aktivitet til barn, unge og vaksne i Nordhordland. 

Etter eit års tid i styret var eg litt tankefull, spesielt når vi drøfta frustrasjonsaker som gjerne kom opp under posten Eventuelt.     - Drøfta ikkje vi den saka på forrige styremøte, og kanskje også på tidlegare møter?   Jo, det var ikke tvil om det, nokre saker var gjengangere på styremøtene og fekk gjerne sin midlertidige løsning der og da. 

Gradvis modna tanken om å få i gang ein prosess for strategisk planlegging i handballgruppa.  Styret i handballgruppa var positiv, men i og med at vi er ei undergruppe i Knarvik I.L. så burde hovedstyret i KIL etter vår meining ta avgjerd om dette arbeidet skulle setjast i gang.  Eg presenterte idéen på eit styremøte i KIL i slutten av 2014 og responsen var positiv.  Dog var vi alle usikre på om det var mogeleg å laga ein god plan for eit fleiridrettslag med mange ulike grupper.  Ulike i storleik også, frå den minste med mindre enn 10 medlemer til den største med over 200 medlemer. 

Med dette som bakgrunn tok eg kontakt med Hordaland Idrettskrets og Norges Håndballforbund Region Vest med spørsmål om «høgare makter» kunne hjelpa KIL med prosessen.  Svaret var ubetinga positivt og det vart starten på eit flott samarbeid med tre flinke ressurspersonar: Martin Uthaug, Eli Orre og Christine Ullestad.   Det var heller ingen ulempe at all bistand var utan kostnad for KIL.

Prosessen

KIL rekrutterte ei prosessgruppa på i alt 35 personar, breitt samansett fra alle gruppene, fra foreldre, tillitsvalde, trenarar, oppmenn, utøvarar, etc.  Det vart også sendt ut spørjeskjema med relevante spørsmål om KIL til medlemene i klubben.  Svara var med på å gje eit bilde av no-situasjonen i klubben.

Første møtet for prosessgruppa var i juni 2015.  Tema var – kvar står vi, kvar vil vi, korleis tar vi oss dit?  Hausten 2015 vart det halde to nye møter med verdidiskusjon og drøfting av virksomhetsidé.  Det fjerde og siste møte i prosessgruppa vart halde i januar 2016.  På dette siste møte landa vi klubben sine kjerneverdiar, virksomhetsidé og visjon.  Alt er no samla i eit dokument som vil danna grunnlaget for KIL som klubb, og for de enkelte grupper sine målsettingar og tiltak for å nå måla.  No har KIL fått ein plattform å utvikla klubben vidare på.

Synspunkt etter prosessen

Frammøte på første møtet i prosessgruppa var godt.   På dei tre neste møtene kunne frammøtet vore betre.  Grunnen til fraværet var i ein viss grad klubben sine eigne aktivitetar, trening og kampar.  Vi må berre erkjenna at det ikkje alltid er så lett å samla travle folk til slike møter på kveldstid.  Men, det må óg seiast at dei som møtte var entusiastisk og engasjerte, med eit varmt hjarta for KIL.

Resultatet av prosessen er positivt for KIL.  Vi har samla oss om visjon og grunnleggjande verdiar for klubben og likeins om kva klubben skal vera - og for kven. 

Skulle andre idrettslag vurdera utvikling av eigen klubb så vil vi sterkt tilrå å ta kontakt med Hordaland Idrettskrets (og gjerne også aktuelle særforbund) for hjelp til prosessen.   Vi fekk fortløpande oppdatering på framdrift av prosessen og det hjelpte oss i å halda oversikt undervegs.  Vi vil igjen rosa Martin, Eli og Christine for god hjelp, alt gjennomført på ein profesjonell måte - og med glimt i auga. 

KIL vil halda kontakten med dette hjelpeapparatet når vi seinare spissar inn mot handlingsplanar for dei enkelte grupper.


Knarvik, 21. januar 2016.


Jostein Skråmestø

_______________________

Det har vært utrolig spennende å følge Knarvik IL gjennom det siste året, sier klubbutvikler Christine Ullestad på regionskontoret og berømmer videre det brennende engasjementet som klubben har for barn og unge i bygden Knarvik. 

Engasjementet og det inkluderende samfunnet ser man også igjen i verdiene, visjonen og virksomhetsidéen som klubben har kommet frem til og som nå skal opp som tema på kommende årsmøte for forankring i idrettslaget. Det blir derfor spennende å se om årsmøte klarer å enes om den nye virksomhetsplanen og vi gleder oss til å kunne følge klubben videre inn i nye prosesser.

Her er Knarvik IL sine forslag til årsmøte på ny virksomhetsplan:

Visjon -  Knarvik IL – aktivitet for alle

Verdier - Inkludering, trygghet, mestring, utvikling

Virksomhetside - Knarvik IL er et fleridrettslag som vil skape idrettsglede, tilhørighet og mestring ved å aktivisere barn, unge og voksne i et trygt og inkluderende miljø


Klubbutvikler Ullestad trekke også frem det gode samarbeidet som har vært i denne prosessen sammen med Martin Uthaug og Eli Orre i Hordaland Idrettskrets. «Det tette og gode samarbeidet som vi har i lokalene på idrettens hus er gullverdt og veldig viktig i vårt arbeid med å kunne være med å bistå klubbene i regionen vår med videre utvikling» sier hun og avslutter med å si at prosessen som vi nå har hatt er et eksempel som vi i håndballforbundet ønsker å bygge videre på både sammen med idrettskretsen og de andre idrettene her på Idrettens hus. 

Har din klubb spørsmål rundt klubbutvikling og ønsker å ta steget videre?
Ta kontakt med Christine Ullestad på e-post eller telefon 93 21 12 80.  

 

Bilde under av Gutter 2002 - 2003 reprsenterer noe av bredden i Knarvik IL

Knarvik IL - G 2002_2003.jpg