NHF Region Vest inviterer helga 05.12-06.12 til sesongens første spelarutviklingssamlingar for både jenter og gutar fødde i 2014 i sone 1–3. Vi arrangerer samlingar på éin stad i kvar sone. Følgjande samlingar er sette opp:
Nordfjord (sone 1): Trivselshagen, bane 2, Sandane, søndag 06.12. Jentegruppe kl. 12.00–13.30 og gutegruppe kl. 14.00–15.30.
Sunnfjord (sone 2): Høyangerhallen, Høyanger, laurdag 05.12. Gutegruppe kl 10-1130 og jentegruppe kl 1145-1315.
Sogn (sone 3): Fosshaugane Campus, Sogndal, laurdag 05.12 Jentegruppe kl. 11.00–12.30 og guttegruppe kl 13.00–14.30.
Tiltaket er for dei som ønskjer å utvikle seg og trene ekstra i tillegg til den ordinære klubblagstreninga. Temaet for øktene er kast og mottak.
Det er i utgangspunktet plass til 25 deltakarar i kvar gruppe. Dersom det skulle vere fullt på gruppa ein ønskjer å delta på, kan ein sende oss ei førespurnad. Ein vil då bli sett på venteliste og eventuelt få tilbod om plass dersom nokon melder seg av. Dei som evt står på venteliste ein stad, vil også få tilbod om å delta ein annan stad, dersom det er ledige plassar. Meld gjerne inn eit reserveønske om å delta ein annan stad når de tek kontakt med oss, dersom gruppa de eigentleg ønskjer å delta på, er full.
Avhengig av talet på påmeldingar vil vi ved behov vurdere å slå saman nokre av gruppene. Merk at det i så fall kan førekomme endringar i klokkesletta for dei ulike dagane og samlingane. Datoane vil ikkje bli endra, berre eventuelle klokkeslett. Dette vil i så fall bli informert om så tidleg som mogleg på førehand.
Dersom enkelte samlingar har for få påmelde spelarar til å kunne gjennomførast når påmeldingsfristen nærmar seg, vil dei påmelde i staden få tilbod om å delta på samlingar ein annan stad, dersom det er ledige plassar.
Både trenarar og føresette kan melde på spelarane.
Klikk deg inn på påmeldingslenkjene for dei aktuelle stadene for meir informasjon om tiltaket.
Påmeldingsfristen for alle samlingane er innan utgangen av torsdag 3. desember.
Påmelding – Trivselshagen, jenter fødde i 2014
Spillerutviklingssamling jenter født 2014, Trivselshagen | iSonen
Påmelding – Trivselshagen, gutar fødde i 2014
Spillerutviklingssamling gutter født 2014, Trivselshagen | iSonen
Påmelding – Høyangerhallen, gutar fødde i 2014
Spillerutviklingssamling gutter født 2014, Høyangerhallen | iSonen
Påmelding - Høyangerhallen, jenter fødde i 2014
Spillerutviklingssamling jenter født 2014, Høyangerhallen | iSonen
Påmelding – Fosshaugane Campus, jenter fødde i 2014
Spillerutviklingssamling jenter født 2014, Fosshaugane Campus | iSonen
Påmelding – Fosshaugane Campus - gutar fødde i 2014
Spillerutviklingssamling gutter født 2014, Fosshaugane Campus | iSonen