Soneturnering på Sandane lørdag 07.03
Lørdag 7. mars arrangerte vi for andre år på rad soneturnering i sone 1-3, denne gongen på Sandane.
I år var turneringa lagt til det flotte anlegget i Trivselshagen på Sandane. Turneringa var i år eit tilbod til alle gutar og jenter født i 2011 og 2012, som har deltatt i SPU-tilbodet vårt denne sesongen. Aktuelle spelarar har i sine alderskull vore gjennom eller fått tilbod om totalt 5 sonesamlingar i løpet av sesongen. Sonesamlingene er tiltak som skal gi spelarane nye referansepunkt ved å trene saman med spelarar frå andre lag og fremje utvikling av ferdighetar og speleforståelse.

Her er det kamp mellom lag Rød og Blå i J2012-klassen
Soneturneringa er og eit utviklingstiltak og tilbod om ein fin avslutning på årets spelarutviklingssesong, der ein stor handballdag for ungdommar skal vere i fokus. I tillegg er det ein fin moglegheit for både spelarar, trenarar, lagleiarar og tilskodarar å samlast og skape ein sosial arena utanfor bana og på tvers av klubb, så vel som fokus på det sportslege som foregår på bana. Gledeleg å sjå at dei aller fleste klubbane frå sone 1-3 med lag i desse aldersgruppene og var representert på turneringa.

I tillegg er soneturneringa og eit utviklingstiltak for dommarar. Dommarane kombinerte turneringa med teorikurs i forkant, leda av Elisabeth Nygaard i Florø SK Handball. Dommarane fekk god oppfølging og veiledning underveis i turneringa frå dommarutviklarar og obvservatørar, som og var til stades.

Gode drøftinger etter kampane
Regionen satte saman alle laga i dei ulike alderskulla ut frå påmeldte spelarar og skaffa trenarar til alle lag. Nokre spelarar kjente til kvarandre noko frå før av, mens andre ikkje var vant til å spele saman. Det takla imidlertid alle på ein kjempefin måte.
Det var fine kampar med god innsatsvilje, trøkk og spenning. Vi fekk og sjå fleire eksemplar på mykje fint samspel og samarbeid både i angrep og i forsvar, fine scoringar, målgjevande pasningar, finter, redningar, taklingar og blokkeringar. Etter kvart som kampane gjekk så spelte laga seg og endå varmare i trøya.

Trenarane for alle laga gjorde ein kjempejobb, motiverte og veileda spelarane trygt og godt frå sidelinja, laga kamprop og sørga for at alle fekk tilstrekkeleg med speletid.

G2011/12 Lag Svart legger kampplan G2011/12 Lag Kvit får veiledning

God sportsånd etter kamp
Vi takkar og Sandane IL og Gloppen HK så mykje for godt samarbeid og tilrettlegging på arrangementet. Dei hjalp oss med sekretariat, tilrigging og nedrigging og var med på å sørgje for eit kjekt arrangement for alle.
Ikkje minst må vi takke Rema 1000 Øyrane i Førde som sponsa mat og drikke til alle dommarane og trenarane og sørga for nødvendig påfyll av energi gjennom ein lang handballdag.