Regions- og fylkesmesterskapet 2026
I helga gjekk regions- og fylkesmesterskapet i aldersklassane 13-16 år av stabelen både i Os og i Førde!
Regions- og fylkesmesterskapet gjekk av stabelen helga 11-12 april og var i år lagt til Os Idrettshall og Førdehuset med Os Handball og Førde IL Handball som arrangørklubbar.
Laurdag 11.04 Os Idrettshall:
J13B:
Første finalen i Os idrettshall vart spelt mellom Bjarg 4 og Bjørnar. Det sto uavgjort 10–10 etter 1. omgang. Bjørnar trekte det lengste strået og tok til slutt sigeren med resultatet 19–18.

Bjørnar: Vinnar av J13B-klassen
J15B:
Den andre finalen var mellom Kjøkkelvik/Mathopen 2 og Stord 2. Dette var ein tett kamp, der Kjøkkelvik/Mathopen leda 15-12 til pause. Dei holdt leiinga gjennom heile kampen og vann til slutt 28–25.

Kjøkkelvik/Mathopen 2: Vinnar av J15B-klassen
J14B:
Her var det lokaloppgjer mellom Bjarg 3 og Gneist 3. Bjarg 3 stakk tidleg av med leiinga, til pause stod det 14–9. Bjarg 3 vann kampen til slutt med 27–15.

Bjarg 3: Vinnar av J14B-klassen.
G14A:
Så var det tid for finale mellom Stord og Åsane. Kampen gjekk tidleg i favør Åsane, som hadde ei 7-målsleiing til pause (14-7) og vann til slutt med 3 mål (23–20).
Å
Åsane: Vinnar av G14A-klassen.
J16A:
Neste kamp ut var finalen mellom Åsane og Sotra, som var svært jamn til pause, 11-12. Etter pausen stakk Sotra av og tok sigeren med 29-22.
I bronsefinalen i J16 A møttes Bjarg og Gneist. Her enda kampen til slutt med siger til Bjarg 22–21 etter ein tett kamp.

Sotra: Vinnar av J16A-klassen
J15A:
Det var svært tett i finalen mellom Tertnes og Askøy. Det stod 11–12 til pause. Etter pausen rykte Askøy frå og skaffa seg ei leiing som heldt heilt inn til siger 27-18.
Dagen i Os idrettshall vart avslutta med bronsefinale i samme klasse mellom Sædalen og Åsane. Til pause stod det 9–19 og sluttresultatet vart 31-25 med siger til dei orange frå Åsane.

Askøy: Vinnar av J15A-klassen.
Førde:
I Førde vart det arrangert i klassane J13A, J14A, G14B, G16B og J16B. I alle klassar var det lagt opp til semifinalespel først og deretter påfølgjande finale og bronsefinale. I semifinalane ville vinnaren eller best plasserte lag som var kvalifisert i pulja i gamle Hordaland møte nr 2 eller nest beste kvalifiserte lag i pulja i gamle Sogn og Fjordane og omvendt.
Laurdag 11.04:
J14A:
I den første semifinalen møttes Førde og Bønes. Bergenserane var mest påskrudd og sto godt bakover på bana, noko som resulterte i at dei kunne gå til pause med ei 10-3 leiing. I 2. omgang løsna det meir framover på bana for Førde, men Bønes kontrollerte inn til 18-12 siger. Florø møtte Os i den andre semifinalen. Dei gule frå Os tok raskt føringa, skaffa seg ei luke etter rundt 10 spelte minutt og leda 13-5 til pause. Sjølv om dei blå frå havgapet og beit betre frå seg framover i 2. omgang blei til slutt resultatet 27-17 etter effektivt angrepsspel frå dei gule.
Det resulterte i finalekamp mellom Bønes og Os. Kampen starta tett og jamnt og etter vel 10 minutt var stillinga 4-4. Deretter fekk Os tre kjappe scoringar på rad og tetta luka ytterleggjare inn mot pause, der det sto 10-5. I 2. omgang kontrollerte Os inn til ein 17-11 siger og kunne dermed ta på seg gullhattane sine, som dei hadde med for anledninga.
I bronsefinalen fekk vi ein jamn batalje mellom Florø og Førde. Etter 9-7 til Florø til pause måtte laga til slutt ut i Golden Goal etter at det endte 16-16 til full tid. Vi måtte vente heilt til andre ekstraomgang før eit av laga fekk nettsus. Det var Førde som avgjorde og dermed kunne feire 3. plassen foran heimepublikummet.

Os: Vinnar av J14A-klassen. Foto: Cecilia Molander, Molander Digital Produksjon
G14B:
I den første semifinalen møttes Jølster og Dale/Voss. Dale/Voss fekk eit lite overtak halvveges i første omgang og hadde ei 5-måls leiing til pause med 11-6, som dei styrte inn til 24-18 siger. Florø møtte Bjørnar 2 i den andre semifinalen. Det blei ein fartsfylt angrepskamp frå begge lag med heile 54 scora mål på 2 x 20 minutt. Florø leda 15-11 til pause og vant til slutt med 30-24.
Dermed var det duka for finalekamp mellom Dale/Voss og Florø. Dei fartsfylte angrepa fortsatte i finalen. Laga følgde kvarandre heilt inn mot pause, til pauseresultat 12-12 etter at Dale/Voss hadde leda mesteparten av omgangen. Nesten halvveges ut i 2. omgang sa Dale/Voss takk for følgjet og cruisa inn til ein 31-23 siger.
I bronsefinalen leda Jølster store deler av kampen mot Bjørnar 2 med opptil 7 mål, men dei blå frå Arna satta inn ein imponerande sluttspurt og når det gjensto vel 7 minutt så var kampen snudd. Etter at Bjørnar 2 fekk leiinga slapp dei den ikkje igjen og blei til slutt nr. 3 etter sluttresultat 28-26.

Dale/Voss: Vinnar av G14B-klassen. Foto: Cecilia Molander, Molander Digital Produksjon
J16B:
Jotun/Årdalstangen møtte Fyllingen 3 i den første semifinalen. Laget frå Bergen Vest fekk ein pangstart på kampen og leda 6-0 etter 10 minutt, noko som la grunnlaget for at dei kunne gå til pause med 11-6. Så slo dei grøne frå indre Sogn på ein brytar som åpenbart virka. Sakte, men sikkert, åt dei opp forspranget. Det blei nokre svært spennande siste minutt. I kampens siste angrep satte Jotun/Årdalstangen inn vinnarmålet. I semifinale nr 2 møttes Florø og Bjarg 3. Her hadde laget frå Bergen Sør føringa gjennom heile kampen. Dei leda 10-5 til pause og sjølv om Florø forsøkte å henge på så godt dei klarte så kunne dei ikkje hindre at bergensarane stakk av med sigeren 20-17.
Finalen mellom Jotun/Årdalstangen og Bjarg 3 var jamn heile 1. omgang med ei knapp leiing til Jotun/Årdalstangen til pause med 13-11. I 2. omgang skrudde dei grøne opp tempoet og kunne ta heim sigeren på litt mindre spennande vis enn i semifinalen. Sluttresultatet endte 28-23.
I bronsefinalen hadde Fyllingen 3 bestemt seg for å innkassere 3. plassen og tok kontroll på kampen mot Florø frå start til slutt. Dette resulterte i ein 9-måls siger 25-16 etter 15-8 til pause.

Jotun/Årdalstangen: Vinnar av J16B-klassen. Foto: Cecilia Molander, Molander Digital Produksjon
Søndag 12.04:
J13A:
Etter ein fartsfylt første dag var det nye klassar i aksjon søndagen. Jotun møtte Bjarg 3 i den første semifinalekampen. Her tok bergenserane ein overbevisande siger, der dei viste høgt tempo både i ankomstfasen og i etablert spel. Stillinga vart 20-3 etter 11-1 til pause. Førde møtte Askøy i semifinale 2. Førde hang på ei lita stund, men dei raude frå Askøy viste seg for sterke. Ein firemålsledelse til pause med 13-9 vart til slutt til 26-17.
I finalen vant Bjarg like overbevisande 30-14 over Askøy etter 14-6 ved pause. I bronsefinalen var det lenge jamnt mellom Jotun og Førde, men dei kvite frå Sunnfjord sørga for klubbens andre pallplassering denne helga med 14-11 etter å ha leda 6-5 til pause.

Bjarg: Vinnar av J13A-klassen. Foto: Cecilia Molander, Molander Digital Produksjon
G16B:
I første semifinale møttes Gloppen og Os/Nore Neset. Laget frå Nordfjord tok føringa frå starten av kampen og leda 15-11 til pause. Os/Nore Neset kjempa seg tilbake i kampen midtveges i andre omgang, men Gloppen drog det heile i land på slutten til 23-21 siger. I semifinale 2 var det andre Nordfjord-laget, Stryn/Eid, i føringa mot Askøy/Sotra 2 store deler av 1. omgang og leia 15-14 til pause. Askøy/Sotra 2 tok over kommandoen i 2. omgang, holdt leiinga frå det 13 minutt og inn til siger 32-30. Begge semifinalekampane var jevne og tette med gode aksjonar begge veger og fleire gode målvaktsredningar.
I finalen mellom Gloppen og Askøy/Sotra 2 så fekk bergenserane ein pangstart med 4-0 etter 7 spelte minutt. Etter ein tidleg nødvendig timeout kom Gloppen i gang og kjempa seg inn i kampen og forbi. Stillinga til pause var 13-9 til Gloppen. Det var ei leiing dei holdt på resten av kampen og kunne gå jublande av bana til slutt etter 26-23, ein siger dei la grunnlaget for blant anna med godt forsvarsspel.
I bronsefinalen vann Stryn/Eid 34-22 over Os/Nore Neset etter å ha skrudd på turboen frå det femte speleminuttet og utover. Stillinga til pause var 18-11.
Gloppen: Vinnar av G16B-klassen. Foto: Cecilia Molander, Molander Digital Produksjon
NHF Region Vest gratulerer alle vinnarane av dei ulike klassane og takkar arrangørklubbane Os og Førde for flotte og godt gjennomførte arrangement. Vi takkar og alle klubbar og lag som deltok for å ha satt fine preg på arrangementa og ikkje minst publikum i begge hallane. Stemningen på tribunene var elektrisk frå start til slutt heile helga og laga hadde med seg familie og supporterar som skapa liv og røre, noko vi syns er kjempekjekt.