Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Trivselsserien.jpg

Vi elskar å berre ha det kjekt!

Lørdag 18.04 var det avslutningsrunde for trivselsserielaga på ein ikkje mindre passande arena enn i Trivselshagen!

Alle som er nostalgikerar kjenner kanskje følelsen: Ønskjet eller behovet av å oppleve noko kjekt man har hatt stor glede av tidlegare i livet eller som ung. Ikkje alltid er det kanskje passande å gjere alt det på nytt som vaksen, kanskje i frykt av at det blir sett på som litt rart. Men i Trivselsserien kan du få fullt utløp for det behovet, utan at man treng å tenke på korleis det framstår.

Du kjenner kanskje at det klør i fingrane etter å spele handball igjen, samt kunne kombinere det med få god trening i ein travel, hektisk kvardag med skule, jobb, familie, ungar eller andre ting som skjer rundt deg. Utfordringa er at du har ikkje moglegheit til å forplikte deg å spele i det vanlege divisjonssystemet med fleire faste treningar i veka og 15-20 kampar gjennom ein heil sesong. Du har kanskje fleire venner i nærmiløet som kjenner på akkurat det samme. Det kan vere tidlegare lagkameratar eller andre som har lyst å prøve handball og syns det er kjekt. Resultat og tabellar er heller ikkje så viktig for deg, du vil kun ha det moro. 

eidbjornoppvarming.png

eidoppvarming.png

Alltid viktig med god oppvarming!

Då har vi løysinga for deg: Samle den gjengen og meld på laget i Trivselsserien! Her er alle velkommen, uansett. Så lenge ein vil ha det kjekt. Då kan du få utløp for den gode, gamle følelsen igjen! Huskar du lukta når du kjem inn i ein handballhall eller lukta av klister på fingrane? Kva med lagfølelsen og spelarar som motiverar kvarandre fram til innsats, gleden av banke ballen i mål, gjere ei strålande redning eller setje inn ei klokkerein takling? Då treng du ikkje lure meir, Trivselsserien står klar til å la deg gjenoppleve det og ta deg imot med åpne armar!

eidbjorntrivselsserien.png

eidbjorntrivselsserien2.png

timeouteidbjørn.png

eidbjorntrivselsserien3.png

Eid og Bjørn i aksjon i ein av kampane i helgas avslutningsrunde

Akkurat desse kjenslene fekk Trivselsserie-laga kjenne på i helga, der vi i samarbeid med Gloppen Handballklubb arrangerte avslutningshelg i Trivselshagen på Sandane. Laga som deltok var Eid, Bjørn, Jølster og Gloppen. Spelarar vi snakka med kunne og fortelje at dei hadde parkert mann og barn heime for anledninga for å kunne ta full glede i dagen. Vi høyrde og fleire nemne "vi kjenner at kroppen ikkje lengre er 20 år, men hovudet er defintivt det fortsatt når vi går ut på bana". Såleis var det trivsel, trivsel og atter trivsel å sjå, kjenne, høyre og være ein del av!

Alle laga spelte 2 kampar kvar. Slik konseptet med Trivselsserien er så kan laga velje kor lange kampane skal vere og kva spelformen skal vere. Slik kan ein og vere med på å bestemme det meste sjølv. Laga valde å spele 2 x 20 minutts kampar, noko dei vart einige om var passeleg for sine lag og spelarar. Det var god trøkk og intensitet i alle fire kampane og vi såg at konkurranseinstinktet fortsatt er til stades hos mange når dommaren bles i fløyta. Stemninga var alltid likevel god heile vegen og etter kampane var det ingenting anna å sjå enn latter, smil og glede.

jølstergloppentrivselsserien.png

jølstergloppentrivselsserien2.png

jølstergloppentrivselsserien3.png

jølstergloppentrivselsserien4.png

Frå kampen mellom Jølster og Gloppen

Tusen takk til laga for å ha skapa god stemning gjennom heile dagen og å ha gjort sitt for å bidra til ein kjekk dag for alle involverte partar. Vi må og gi stor ros til dommar Asbjørn Strand Fureli som leda og veileda laga gjennom alle 4 kampane på ein fin måte. I tillegg ein stor takk til Gloppen Handballklubb ved Roger Sunde-Andenæs og Hege Aagard som sto for eit kjempeflott arrangement.

asbjornfurelidommer.png

Dommar Asbjørn Strand Fureli tar seg ein velfortjent pause mellom kampane 

ghkrogeroghege.png

Arrangementskomiteen ved Hege Aagard og Roger Sunde-Andenæs i Gloppen 

Vi fekk og spørsmål om neste sesongs Trivselsserie. Det gledar oss stort at det er noko laga allereie har byrja å sjå fram til og vi håpar alle lag som har deltatt i år og vil vere med til neste sesong. Vi kan i tillegg oppfordre alle nye aktuelle klubbar til å sjekke ut tilbodet og melde på sine lag. Vi tilbyr Trivselsserien i heile regionen, både for kvinner og for menn.

Dette tilbodet gir deg ein unik handballopplevelse eller moglegheit til å kunne gjenoppleve den tida du sjølv hadde som aktiv spelar på ein ny og kjekk måte. La ikkje sjansen gå frå deg!

Vi elskar å ha det kjekt!  

eidlagbildetrivselsserie.png

Laga stilte sjølvsagt sporty opp til lagbilder. Her Eid

lagbildebjorntrivselsserien.png

Lagbilde: Bjørn

lagbildejølstertrivselsserien.png

Lagbilde: Jølster

lagbildegloppentrivselsserien.png

Lagbilde: Gloppen