Annonse
Intersport

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ill kamp talenter.jpg

Kamparrangement i 14-årsklassane i Florø

Det første av fleire kamparrangement i Trivselsfylket denne sesongen gjekk i Florø Idrettssenter laurdag 15.11!

NHF Region Vest ønskjer denne sesongen å bygge vidare på dommarutviklingssamlingane som vi organiserte på slutten av fjorårssesongen. I den forbindelse har vi tilrettelagt for å kombinere fleire felles kamparrangement for ungdomssklassane og dommarutviklingssamlingar i sone 1-3. Felles kampdagar er noko klubbane og har etterspurt. Vi er derfor glade for å kunne imøtekomme det.

Vi har organisert og planlagt både sonevise "lokale" arrangement, samt arrangement som gjelder klubbar frå heile sone 1-3. 

Pga deling av seriane etter jul så er slike dagar ein fin måte for klubbane å få avvikla fleire kampar på. Eit anna mål med arrangementa er og å skape god ramme rundt laga som deltek, alle kampane i hallen og gi eit sosialt, så vel som sportsleg fokus, der man får moglegheit til å fokusere på lagbygging og skape trivsel både på og utanfor bana.

Først ute var arrangementet i Florø Idrettssenter, eit av dei nemnde "lokale" arrangementa, der vi samla totalt 11 J14 og G14-kampar med hovedsakleg lag frå sone 2 og dommarar med tilhørigheit i denne sona. Kampane gjekk av stabelen frå klokka 09-20 heile dagen, annakvar jente- og guttekamp. Alle lag fekk totalt 2 kampar kvar. Klubbane som deltok var Florø, Førde, Bremanger, Dale, Askvoll, Hyllestad og Høyang. 

    imagepwcxd.png

Mange lag var i aksjon denne dagen, her frå J14-oppgjøret mellom Førde og Hyllestad.

Dommerutviklarane hadde satt opp temaet kommunikasjon og dialog med laga som fokusområde for dommarane å jobbe med denne dagen. Viktigheten av god kommunikasjon og godt kroppsspråk, vil igjen kunne heve kvaliteten på alle avgjerslar som takast og betre den totale kampledelsen betraktelig. Samtidig var det og fokus på det å halde samme linje gjennom heile kampen. Dommarane hadde utviklarar og observatørar som fulgte og veileda dei gjennom heile dagen.

     image0ar9i.png

Dommarane jobba godt med ulike fokusområder gjennom dagen, her frå G14-kampen mellom Askvoll og Førde.

Det var og godt med tilskoderar og god stemning i Florø Idrettssenter.

Vi håpar alle involverte hadde ein bra dag både på og utanfor bana. Vi takkar Florø SK Handball så mykje for eit flott arrangement!

     imager9wil.png

 Leder og primus motor i Florø SK Handball, Morten Mortensen, var fornøgd med dagen.

Dei neste planlagte kamparrangementa er laurdag 22.11 i Stryn (lokalt arrangement for J14 og G14 i sone 1), laurdag 13.12 i Førde (felles kamparrangement for alle J14-lag i sone 1-3) og laurdag 10.01 på Sandane (felles kamparrangement for alle G14-lag i sone 1-3). Opprinnelig lokalt kamparrangement i sone 3 29.11 på Årdalstangen var og planlagt, men pga trekningar frå fleire 14-årslag i denne sona, må gjenståande kampar denne dagen avviklast som enkeltkampar med lokale dommarar. 

Vi er og i gang med planleggjing av fleire moglege nye slike arrangement etter nytt år.