
Førde IL er sertifisert i Klubbhuset Nivå 1
Førde IL er i mål med Klubbhuset nivå 1 og fekk den 19. august beviset på dette i henda.
Handballgruppa i Førde IL har gjennom sommaren arbeidd godt med Klubbhuset og fekk endelig beviset på dette overlevert av Marianne Aakre Laugerud.
Førde var ein av dei første klubbane som signerte avtale i sone 1-3, men brukte noko tid på å komme i gang med arbeidet. Etterkvart skreiv vi ein ny avtale våren 2025 for å forplikte at arbeidet skulle gjerast på ein god måte, og etter dette har klubben arbeidd svært godt.
Førde IL, ved styreleiar Linn Marie Solheim-Sunde, har dette og sei om prosessen: "Det har vert en lærerik og inspirerande prosess, og vi har fått på plass rutiner og struktur som vil gjere klubbkvardagen enklare og meir oversiktleg for både styret, trenarar, frivillige og spelarar. Det har vert gode råd og god oppfølging frå regionen ved Marianne Aakre Laugerud, noko som har gjort prosessen lettare. Kven veit, kanskje vi prøver oss på nivå 2?"
Vi gratulerer Førde med sertifiseringa og ser fram til vidare samarbeid mot nivå 2!
Klubbhuset-konseptet som NHF (Norges Håndballforbund) nyttar, er bygd opp rundt fem hovudkategoriar:
-
Klubbdrift – korleis klubben blir organisert, leia og driven på ein berekraftig måte.
-
Sport – sportsleg utvikling, trenarkompetanse, spelarutvikling og lagtilbod.
-
Rekruttering – arbeid for å få inn nye spelarar, trenarar og medlemmar, og for å halde på dei.
-
Dommar – rekruttering, oppfølging og utvikling av dommarar.
-
Frivilligheit/arrangement – mobilisering av frivillige og gjennomføring av arrangement på ein god måte.
For å bli klassifisert som Nivå 1-klubb i NHF sitt system, må idrettslaga oppfylle gjevne kriterium innanfor kvar av desse hovudkategoriane. Dette fungerer som ein kvalitetsstandard, der målet er å sikre at klubbane har ei heilskapleg og berekraftig drift – både sportsleg, organisatorisk og sosialt.