Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Jølster-640x360.jpg

Handball er kjekt!

Jølster IL Handball gjennomførte den 26. mai ei kjekk handball-avslutning for sine spelarar.

Klubben ønskja å samle mest mogeleg spelarar og lage litt moro i hallen. Det var derfor satt av ein ettermiddag der laga fekk spele intern-kampar. På tribuna satt foreldre og søsken og var gode supportere for gjengen på bana.

Sidan Jølster har ein gjeng vaksne damer som trenar handball og som forhåpentlegvis skal delta i Trivselsserien neste sesong, var det kjekt for både unge og vaksne å få spele mot kvarandre. Gutane stilte med to fulle lag frå G11 og G13, medan jentene spelte med fullt J11 lag. Det er litt få spelarar på J/G 11/12, derfor har klubben hatt nokon felles treningar denne våren, som har vore svært positivt.

I år har klubben hatt med seg tidlegare Jølster-spelar Tuva Tefre Kalstad (som neste sesong skal spele for Åsane i 1. divisjon), som hjelpetrenar. Ho var også derfor med å spelte. Når jentene spelte mot damene byta dei keeper, slik at damelaget fekk jentemålvakt og omvendt. Derfor vart det gode kampar for alle partar.

Det var også med eit dommarteam frå Jølster og det vart spelt kampar på ti minutt.

I det regionen ved Marianne Aakre Laugerud ankom hallen, var det godstemning både på bana og på tribuna. Ettermiddagen vart avslutta med styremøte for handballgruppa, der Marianne tok styret gjennom Klubbhuset.