Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Marianne L 640x360.jpg

Klubbrådgivar Marianne tilbake i jobb

Vår kjære dyktige klubbrådgivar for sone 1-3, Marianne Aakre Laugerud, er tilbake på kontoret!

Marianne Aakre Laugerud returnerte måndag 5. mai til kontoret på Idrettens Hus i Førde etter endt mammapermisjon. Marianne har vore i permisjon sidan midten av september 2024. Frå den perioden og fram til no er det Paal Teodor Eeg Lilletvedt som har hatt Marianne sin rolle og bistått klubbane i gamle Sogn og Fjordane.

Vi er glade for å få Marianne tilbake igjen i jobb. Marianne ser fram til å fortsette sitt gode arbeid med klubbhuset for sone 1-3, bygge klubbstruktur og sørge for å hjelpe klubbane i Trivselsfylket til å utvikle seg best mogleg i tida som kjem framover og inn mot ein ny handballsesong. I tillegg for dette har Marianne ansvar for inkludering og integreringsarbeid i Region Vest.   

Vi takkar samtidig Paal Teodor Eeg Lilletvedt for den gode jobben han har gjort mens Marianne har vore i permisjon.

Marianne er no klar til å ta imot henvendelsar innanfor sine ansvarsområder. Ho kan kontaktast på tlf 97 96 34 21 eller på e-post: Marianneaakre.laugerud@handball.no