Annonse:
2024 Pocket Valley
Annonse:
2024 Pocket Valley

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dommere IL Høyang.jpg

Dommerarbeid i IL Høyang

Å skape dommermiljø i en klubb er et viktig arbeid for å rekruttere, utvikle og beholde dommere over tid. IL Høyang er en klubb som satt dommerarbeid på agendaen.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

NHF Region Vest gjennomførte to dommerkontaktmøter i november. På et av møtene utfordret vi Aina Drage, dommerkontakt i IL Høyang, om å fortelle litt om arbeidet deres med å skape et dommermiljø i klubben. Her kan du lese om arbeidet deres.  

Idrettslaget Høyang er ein relativt liten klubb, med eit variert tilbod av aktivitetar. Å tilby eit godt utval av idrettar i ei bygd må kunne sjåast på som ein fasilitet, eit viktig gode som bidreg til trivsel. Handballgruppa i IL Høyang har ved oppstart av dette idrettsåret hatt som mål å utvikle eit aktivt handballmiljø i alle aldrar – frå minihandball til seniorlag, og sjølvsagt inkludert eit dommarlag. Dette arbeidet er vi godt i gang med. Vi ønskjer aktivitet på og rundt bana, og vi ønskjer folk på tribuna.

No har vi på plass eit dommarlag, dette består av 8 dommarar/kamprettleiarar. I korte trekk gjekk vi fram på følgjande måtar:

  1. Øyremerka midlar i budsjettet – til både opplæring, treffpunkt, godtgjering, naudsynte klede og anna utstyr.
  2. Kontaktperson i handballstyret med tydeleg mandat til å etablere dommarlag.
  3. Brei annonsering om høve til dommarutvikling og dommaroppdrag med godtgjersle.
  4. Felles treffpunkt der vi deler informasjon. For vår del vart dette ei Facebook-side i tillegg til fysiske møter.
  5. Teorikurset tok vi i samla lag på kveldstid, og i samband med pizza og brus.
  6. Praksiskurset la vi til ein ettermiddag/kveld der handballen hadde rikeleg med halltid. Vi strukturerte treningstidene slik at alle lag fekk trene og dommarane fekk øvd seg på både 4ar, 5ar og 6ar-spel. Instruktør Jan Erik Odden gjorde kurset til ein fryd å vere på; trygt og roleg og med godt humør losa han oss gjennom praksisdelen.
  7. Dommardrakter, fløyter og kort vart kjøpt inn til den enkelte.
  8. Dommarlagbilete og sjølvskryt på idrettslaget si Facebook-side vart presentert, på lik linje med andre klubblag som er på bana.

I det vidare tenkjer vi det er viktig at dommarane/kamprettleiarane våre

  • Har faste treffpunkt med kvarandre
  • Har ein arena for erfaringsdeling
  • Opplever støtte og meistring
  • Får jamleg trening
  • Får oppfølging av dommarkontakt i klubben
  • Opplever dommararbeidet som meiningsfullt
  • Blir presentert og vist fram ved kampar og turneringar
  • Kjem i kontakt med dommarar i naboklubbar, får høve til å delta i eit nettverk
  • Får høve til å vidareutvikle seg som dommar

Tekst: Aina Drage, dommarkontakt i IL Høyang.

Et rammeverk med tiltak og engasjement er viktig for å lykkes. Kanskje noen av Aina og IL Høyang sine tiltak og planer på å skape et dommermiljø i klubb, kan være en inspirasjon til andre? 

Ønsker deres klubb å utvikle et godt dommermiljø, men trenger litt hjelp for å komme i gang? Ta kontakt med oss i Region Vest, så kan vi være til hjelp.