Annonse:
Ny landslagsdrakt fra hummel
Annonse:
Ny landslagsdrakt fra hummel

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bli med på VerdiWebinarVeke

I uke fire og fem setter Vestland idrettskrets søkelyset på VERDIARBEID med åtte interessante webinar. 

I uke fire og fem setter Vestland idrettskrets søkelyset på VERDIARBEID med åtte interessante webinar. Det blir korte og rett på sak innlegg på 30 minutter med åpning for spørsmål i etterkant.

Webinarene er åpen for alle, men tilhører du en annen idrettskrets enn Vestland må spørsmål angående arrangementer og hvordan komme i gang med arbeidet rettes mot egen idrettskrets. 

INVITASJON

Lenker til deltakelse på de direktesendte verdiwebinarene finn du ved å trykke på overskriftene til hvert møte. 

Mandag 25. januar

kl 18.30 - 19.30    TRYGG PÅ TRENING

Trygg på trening, ved Martin Uthaug og Maria Dalsbø frå Vestland idrettskrets og Trond Berge Høvik frå Nok. Bergen

Det har i den siste tida vore skrive mykje om seksuelle overgrep i idretten i media. Idrettskretsen ønskjer i dette webinaret å formidle kva vi kan hjelpe med og kva for verktøy idrettslaga kan bruke, både med tanke på førebyggjing og handling. Les meir om Trygg på trening her: https://www.idrettsforbundet.no/.../idr.../trygg-pa-trening/

 

kl 20.00 - 21.00   RASISME I IDRETTEN

Rasisme i idretten, slik kan du førebyggje og handtere diskriminering. Bidrag frå seniorrådgjevar for verdiarbeid i Norges idrettsforbund Håvard Øvregård.

Norsk idrett står saman når vi seier #STOPP til rasisme, kjønnshets, homohets og alle andre former for diskriminering. For å tydleggjere vårt klare standpunkt har vi laga ei samleside for alle organisasjonsledd i norsk idrett: https://www.idrettsforbundet.no/tema/stopp/

 

Onsdag 27. januar

kl 18.30-19.30 PARAIDRETT I IDRETTSLAG - JA, ALLE KAN VERE MED!

I norsk idrett skal det vere plass til alle, difor håpar vi at alle som ønskjer det finn ein idrett og eit tilbod som er tilpassa den enkelte sine føresetnader og ambisjonar. Men kva kan idrettslaga gjere for å få til dette?

På webinaret vil Susanne Hatland Mikalsen, Vestland idrettskrets snakke med Steinar Vedå frå Kirkevoll Basketballklubb som har paraidrettstilbod i klubben og Salum Ageze Kashafali frå IL Norna Salhus som er regjerande verdsmeister på 100 m og som er kvalifisert til Paralympics i Tokyo 2021.

 

kl 20.00-21.00 KVA BETYR DET EIGENTLEG Å VERE UTANFOR I IDRETTEN?

Inkludering handlar om å sikre at barn og unge med innvandrarbakgrunn og dei som veks opp i familiar med lav inntekt kan delta på idrettsaktivitetar. Vestland idrettskrets samarbeidar med Norges Fotballforbund Hordaland og Norges Håndballforbund Region Vest om dette arbeidet i fylket og Elise Barsnes jobbar som klubbutviklar inkludering.

På webinaret får du høyre om utanforskap i idretten og kva vi kan gjere med dette. Elise Barsnes får besøk i studio av idrettslag som jobbar godt med desse utfordringane og kan kome med tips og idéar du kan ta med deg til eigen klubb.

Sjå óg info om inkludering på våre heimesider: https://www.idrettsforbundet.no/idr.../vestland/inkludering/

 

Tirsdag 2. februar

kl 18.30-19.30 MIDLA SOM LOVAR DRAUMEKROPPEN!

Det finns treningsmiljø over heile landet der utsjånad er ei sterkare drivkraft enn god helse og velvære. For nokre fører jakta på ein perfekt og muskuløs kropp til usunne treningsregime og inntak av store mengder kosttilskot og bruk av ulovlege og helseskadelege dopingmidlar.

Maha Kamran frå Antidoping Norge vil trekke døme frå reelle samtalar ho har hatt med dei som vurderer å bruke dopingmidlar, både i og utanfor idretten. Les meir om Antidoping Norge her: https://www.antidoping.no/

 

kl 20.00-21.00 UBEVISST DOPING. NÅR BRYT EIN REGLANE?

I innlegget sitt vil Siri Bynke frå Antidoping Norge setje fokus på kva for situasjonar og reglar utøvarar/trenarar/leiarar/støttepersonell treng å kjenne godt til slik at ein er på rett side av regelverket i idretten. Ho kjem blant anna inn på bruk av medisinar og kosttilskot. Webinaret gir klubben og trenaren eit godt utgangspunkt for å drøfte utfordringar og dopingrisiko i eigen klubb og eige lag. Les meir om Antidoping Norge her: https://www.antidoping.no/

 

Torsdag 4. februar

kl 18.30-19.30 KJØNNSBALANSE I NORSK IDRETT

Målet er 40% kvinner i leiande posisjonar i idretten innan 2023. Er det mogeleg? I følgje fleire saker i media i den siste tida har norsk idrett eit godt stykke å gå og mykje å jobbe med før vi er der. 

Elisabeth Faret, styremedlem i NIF blir med oss frå Stavanger og vil blant anna fortelje oss om NIF sitt arbeid med dette temaet.

 

kl 20.00-21.00 UNG MEDRÅDERETT OG UNGT ENGASJEMENT

Frå å vere eit nettverk av engasjerte ungdommar, har styret i Vestland idrettskrets no vedtatt å opprette eit ungdomsutval. 

Sara Stokken Rott er ungdomsutvalet sin første leiar og ho brenn for å skape gode idrettsopplevingar for ungdom. Ho meiner at for å få det til må det finnast eit lag og eit nivå for alle.

Er du ungdom og ønskjer du å ta ei meir aktiv rolle i klubben din, men er usikker på korleis du skal nå fram? Eller ønskjer klubben din å gjere eit aktivt grep når det gjeld ungdomsidrett? På dette webinaret vil de garantert både få tips og inspirasjon!

bilde_invitasjon-verdiwebinarveke-2021.png