Annonse:
Pocket Valley
Annonse:
Pocket Valley

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

handballfestivalen 2.jpg

Handballfestivalen 2020 avlyst

Stord Handball og Handballfestivalen informerer om at Handballfestivalen 2020 er avlyst.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Stord IL har sendt ut følgende beskjed til alle deltakende lag og klubber; 

I lys av pandemien som har råka heile verda, er alle idrettsarrangement, som skulle gått av stabelen i tida fram mot 15. juni, avlyst. Dette gjeld sjølvsagt også Handballfestivalen 2020. 

Me i arrangørstaben synest det er utruleg trist å ikkje få ønskja tusenvis av handballinteresserte velkomne til Stord i pinsen, men slik koronakrisa har utvikla seg, er det ikkje mogeleg.

Me veit mange har gleda seg til årets festival saman med oss. Me har lenge vurdert å flytta Handballfestivalen til eit anna tidspunkt. Sidan me ikkje veit kor lenge pandemien er over oss, vel me heller å retta fokus fram mot pinsehelga i 2021.

Me håpar alle forstår avgjersla vår. Sjølv om den er fatta med eit tungt hjarte, var det inga andre rette val å ta.

Dei som har betalt påmeldinga eller andre avgifter til oss, vil få desse refundert. Tilbakebetalinga vil skje automatisk, og pengane vil komma tilbake til kontoen dei kom ifrå. Me har som mål å få dette på plass innan 30. april 2020.

No gjeld det å sjå framover. Me vonar verkeleg alle har lyst til å vera med oss på Handballfestivalen 2021. Me lovar som vanleg mykje handballmoro og ein festival gjennomført på beste vis!

Snakkast 21.-24. mai 2021!

Mvh.

Handballfestivalen

Kjartan Grov

Festivalleiar

Kjartan@handballfestivalen.no

 

PS! Har du spørsmål, ta direkte kontakt med arrangør.