Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Møteplass SF.JPG

Møteplassar Sogn og Fjordane

Vi kallar inn alle klubbar i sone 1-3 til haustens Møteplassar 30.oktober - 1.november 2018.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vi ønskjer å samle klubbane i Sogn og Fjordane til haustens Møteplassar. Vi skal ha eit møte i kvar sone og på agendaen er det fleire relevante tema.Vi kan nemne Klubbhuset, integrering og inkludering og digital dommarrekning. Vi kjem òg til å sette av litt tid til å diskutere aktuelle saker og problemstillingar. Send gjerne inn forslag til tema som de ønskjer vi skal ta opp. 

Tidspunkt for Møteplassane: 

Sone 1: Tysdag 30.oktober kl 18:00-20:30 i Trivselshallen på Sandane

Sone 2: Onsdag 31.oktober kl 18:00-20:30 i Gaularhallen på Sande

Sone 3: Torsdag 1.november kl 18:00-20:30 i Tangenhallen i Årdalstangen

Vi ber om at klubben prioriterer dette møtet og håpar at minimum ein representant frå kvar klubb kan stille. 

Påmelding på epost til Oddny Grete Njøten  Frist: 28.oktober. Invitasjonen er blitt sendt ut til alle klubbar på epost. 

Parallelt med møtene så arrangerer vi Barnehandballseminar. Vi oppfordrar alle som er trenarar og lagleiarar i minihandball til å delta på dette seminaret. Påmelding til barnehandballseminaret gjer de via Min Idrett.

Sone 1: Påmelding til barnehandballseminaret her. 

Sone 2: Påmelding til barnehandballseminaret her.

Sone 3: Påmelding til barnehandballseminar her.