Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mini SF2.jpg

Minihandball SF haust

Det er no tid for å melde på lag til haustens serierundar i minihandball i SF. Påmeldingsfrist er 1.oktober.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Påmelding minihandball haust 2017

Fristen for å melde på lag til miniturneringane i haust er 1.oktober. Før ein melder på lag er det viktig at klubbane tek ein runde med dei ulike trenarane og høyrer om det er endringar i antall spelarar i treningsgruppene, slik at ein stiller med riktig antall lag i haustsesongen. 

Datoane for miniturneringane i Sogn og Fjordane finn de her: https://www.handball.no/regioner/region-vest/kampaktivitet1/barn-6-12-ar/minihandball/rundedatoene/ 

Les meir om påmelding på handball.no: https://www.handball.no/regioner/region-vest/kampaktivitet1/barn-6-12-ar/minihandball/pamelding/ 

I minihandball så kan laga meldast på i desse klassane:

  • Jenter/gutar 6 år (2011)
  • Jenter/gutar 7 år (2010)
  • Jenter/gutar 8 år (2009)
  • Jenter/gutar 9 år (2008)

Dersom klubbar i ein årsklasse ikkje har nok gutar og jenter til å stille "reine" lag, må ein melde på lag i guteklassen og benytte jenter på laget, ikkje motsett. Alternativt kan ein spele i årsklassen over om klubben har tilbod der. 

Lykke til! 

Vi minner også om datoane for Møteplassmøtene i sone 1-3 som er 7.-9. november. Då kjem vi til å arrangere Barnehandballseminar slik som i fjor.