Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Handballfestivalen2017- 637x478.jpg

Handballfest!

Den 28. Handballfestivalen gjekk av stabelen på Stord i helga.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sjølv med varierande vêr blei over 1300 kampar avvikla med stort hell. Vel 11.000 dugnadstimar ligg bak den elleville handballfesten som i år husa 403 lag.

Den drivne dugnadsgjengen sørga for at arrangementet gjekk knirkefritt, og at det berre var smil å sjå blant deltakarane.

– Me vil retta ei stor takk til alle tilreisande, alle samarbeidspartnarar og ikkje minst dei frivillige som alltid stiller opp for oss, seier ein nøgd festivalsjef, Kjartan Grov.

Festivalen blei offisielt opna av landslagsprofilen Eivind Tangen på Torget i Leirvik sentrum, laurdag. Foran rundt 7000 handballfrelste tilskodarar lova Danmarksproffen at landslaget tek eit gull innan to år. Seinare same dag rekonstruerte Tangen straffen som har gjort han til YouTube-kjendis.

Sjå filmen her: https://www.instagram.com/p/BU4LuY0DOqC/?taken-by=handballfestivalen

Vidare i pinsehelga kunne deltakarane kosa seg med kampar, konsertar og eit hav av aktivitetar.