Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FM.jpg

Stor stemning på Fylkesmeisterskapet

Mange spennande kampar, flinke dommarar og eit godt arrangement av Breimsbygda og Gloppen.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var aktivitet frå tidlig til seint i Trivselshallen på Sandane når Fylkesmeisterskapet i Sogn og Fjordane skulle avviklast i helga.

Arrangørane, Gloppen og Breimsbygda, med Norunn Sunde og Tina Eide i spissen hadde full kontroll på arrangementet. Kjekt var det òg å sjå så mange unge dommarar samla for å dømme alle dei 29 kampane som vart spelt i løpet av helga. Dei gjorde ein veldig god jobb og dei fekk god oppfølging av spesielt Asbjørn Håre som hadde ansvaret for denne dommarsamlinga.

På laurdag var det J15 kampar. Alle dei 16 laga spelte to kampar kvar. Florø vart Fylkesmeister i Sogn og Fjordane etter at dei vann 19-15 over Gloppen. GHK holdt lenge følgje, men måtte gje tapt på slutten mot eit Florø lag som var litt betre. 

I sluttspelet for J14 var det to lag som skulle kvalifisere seg til Regionsmeisterskapet i Bergen. Etter ein spennande semifinale, der det måtte spelast fire ekstraomganger,  mellom Florø 1 og Gloppen 1 var det til slutt Gloppen som halte sigeren i land. Dei skulle då møte Eid i finalen, som vann over Florø 2 i sin semifinale. Her var Eid eit hakk kvassare og vann 21-14. Men, begge laga var kjempefornøgde med at dei nådde målet sitt, nemlig å kvalifisere seg til sluttspelet i Bergen.

På søndag var det òg Fylkesfinale i J12, G12 og J13. Resultata vart slik.

G12: Stryn-Sogndal 18-9

J12: Florø-Dale 13-7

J13: Florø 2-Førde 30-16

Vi gratulerer alle med god innsats og spesielt Fylkesmeistrane med tittelen. Vi såg mange gode kampar desse dagane og det er ikkje tvil om at det gror godt i handballen i fylket. 

Dei som vil sjå bilder frå Fylkesmeisterskapen kan gå inn på Facebook.  Der vil iløpet av kort tid bli lagt ut mange fleire bilder, så følg med!