Annonse:
Gjensidige Cup
Annonse:
Gjensidige Cup

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

møteplass.JPG

Stort engasjement

God oppslutning og stort engasjement på Møteplassen i Sone 1

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tirsdag kveld gjennomførte vi i Region Vest den første av åtte Møteplassar. Heile ni klubbar frå Nordfjord var representerte og engasjementet var stort når vi diskuterte kveldens hovudtema som var samarbeid mellom ulike idrettar. Anders Fältnes var tydelig på at idretten har eit samfunnsansvar når det gjeld det å ta vare på ungdomen og vi må gje dei eit idrettstilbod der alle kan delta.

For å få til eit samarbeid mellom idrettane så er det viktig at ein tenkjer langsiktig og at det er styrt av sportsleg leiing i klubben.

Vi oppfordrar alle klubbane til å lage gode samarbeidsavtalar og ønskjer lykke til med arbeidet. Dersom nokon har lyst til å stille opp på Møteplassen i ditt område så ta kontakt med NHF Region Vest.