Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

møteplass3.JPG

100 prosent oppmøte

NHF Region Vest takkar klubbane i Sogn og Fjordane for veldig godt oppmøte og for stort engasjement på alle dei tre Møteplassane i fylket.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Alle dei sju klubbane i sone 3 møtte på Møteplassen i Leikanger torsdag kveld. Hans Petter Andersen som er ny daglig leiar i Region Vest var veldig imponert og tykte det var veldig lærerikt og inspirerande å høyre på kva klubbane hadde å fortelje. Det blir gjort veldig mykje godt arbeid rundt omkring, men det er ikkje tvil om at dei har mange utfordringar og det er mange ildsjeler som legg ned ein god del timar for at klubben skal gå rundt.

Anders Fältnäs hadde igjen stor suksess med foredraget sitt og mange vart inspirerte til å ta opp tråden i eigen klubb og jobbe for eit betre samarbeid mellom gruppene i idrettslaget. I tillegg til deltakarar frå handballen var Kjetil Berg frå Syril fotball og to representantar frå styret i Jotun IL til stades på møtet. Veldig kjekt å høyre deira tankar om temaet. Takk for at de kom:)