Annonse:
2024 Pocket Valley
Annonse:
2024 Pocket Valley

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FyllingenFørde2.png

FyllingenBergen til Førde

Grundigligakamp, 2.div kamp, handballskule, trenarseminar og dommarsamling i Førde 11. og 12. mars.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

11. og 12 mars blir ei skikkelig handballhelg i Førde. Då kjem FyllingenBergen sine handballherrar og skal spele Grundigligakamp mot Lillestrøm. Dette skjer kl 16.30 på søndagen.

I tillegg kjem Skrim på besøk og skal spele mot Førde sine 2.div damer søndag kl 14.30. Denne kampen kan vere avgjerande for om Førde vinn si avdeling i 2.divisjon og dermed kan kjempe om opprykk til 1.divisjon.

Men, før desse kampane skal det vere mykje anna aktivitet. Laurdag kl 13.30-14.45 skal FyllingenBergen trene i Førdehuset. Her er det mulig for alle å kome å sjå på.

Kl 15-17 laurdag blir det handballskule for dei mellom 7-16 år der FyllingenBergen sine spelarar skal vere instruktørar. Prisen for denne er 250 kr og inkluderar FyllingenBergen t-skjorte og gratisbilett til søndagens kampar. Påmelding og spørsmål om handballskulen rettast til Kristinn Gudmundsson.
Telefon nr:
94151603 eller mail: kiddigudmundsson@gmail.com.

På søndag kl 12-14 skal det vere samling for dommarar og dommarutviklarar på Scandic Sunnfjord Hotel ved assistenttrenar i FyllingenBergen og tidligare toppdommar Erlend Aam. Tema for denne økta er samspill benk og bane. Dette er for dommarar med litt erfaring og som har dømt frå 16 års nivå og oppover. Påmelding og spørsmål om dommarsamlinga rettast til katrine.abelsen@handball.no. Frist 5.mars

På same tid som dommarsamlinga, altså kl 12-14 søndag, skal det òg vere trenarseminar med FyllingenBergen trenar Vidar Gjesdal i Førdehuset. Førde sitt G16 lag skal vere utøvarar på denne økta og Vidar vil invitere trenarane til ein samtale både før og etter økta. Dette seminaret er gratis og open for alle trenarar som treng litt inspirasjon og faglig påfyll. Påmelding sendast til oddnygrete.njoten@handball.no

Vi håpar at mange vil ta turen til Førde denne helga!