Annonse:
2024 Pocket Valley
Annonse:
2024 Pocket Valley

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ål-6_8-år-(002).jpg
Foto: Ål IL

56 prosent auke gjennom pandemien!

Frå 85 i april 2020 er ein no oppe i 133 aktive handballspelarar i Ål IL, skriv leiar Håvard Gjeldokk.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Innlegget ble publisert fyrste gong i avisa Hallingdølen, og vi attgjer det med tillating frå artikkelforfattaren:

Etter to år med pandemi opplev dei fleste av oss at kvardagen meir eller mindre er attende til normalen og det er særs godt. Gjennom pandemien har ein lese at det har vore uro relatert til born og unge sitt potensielle fråfall frå idretten, grunna redusert tilbod og smittevernsrestriksjonar.

Rådet frå Norges Håndballforbund gjennom heile pandemien har vore at ein ikkje skal klage over avgrensa aktivitet, men prøve å finne løysingar. Ål Handball har trenarar/lagleiarar og utøvarar som har vore tolmodige og kreative, og i tillegg har føresette medverka til å halde motet opp hjå ungdommen. Den fysiske aktiviteten har vore viktig, men kanskje har det sosiale, ved å møte vener frå laget trass restriksjonar, vore endå viktigare. Utetrening i januar (2021) i 15 kuldegradar med «kast og mottak» er ikkje på treningsplanen i ein normal handballsesong...

Artikkelen held fram under biletet.

Ål-J14-aldri-hatt-bedre-oppmøte-på-trening-enn-våren-2020.jpg

Foto: Ål IL

Ål Handball arrangerte årleg møte førre veke, og under gjennomgang av årsmelding vart status for aktive handballspelarar før og etter pandemien summert opp. Frå gode 85 aktive i april 2020 er ein no oppe i 133 aktive handballspelarar. Dette er ein auke på fantastiske 56 %!

Styret i Ål Handball ynskjer å takke tolmodige born og ungdommar, som har vist god treningsvilje og lagand under pandemien. Me ynskjer å takke trenarar og lagleiarar som har vore kreative og lagt til rette for at alle skulle ha positive opplevingar på og utanfor handballbanen, sjølv når treningar, kampar, turneringar og andre store arrangement har vorte avlyst. Me ynskjer å takke føresette som gjer ein formidabel dugnadsinnsats for eigne og andre sine ungar. Dugnadsinnsatsen gjennom pandemien har vore annleis og meir på heimebane enn vanleg, ved at de har motivert ungane og ungdommane. Me vil òg takke gode sponsorar som har bidrege med middel, slik at det er mogleg å gi eit godt tilbod til handballspelarar i Ål.

No er kvardagen attende med treningar og kampar, og ikkje minst gleder me oss til å reise på Storhamar Cup i slutten av mai.

Styret i Ål Handball takkar alle for innsatsen og gleder og til å sjå «alle» i Ål idrettshall i tida framover.

Ål IL - handballgruppa
v/ Håvard Gjeldokk

Timeout-Ål-J14.jpg