Annonse:
2024 Pocket Valley
Annonse:
2024 Pocket Valley

Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

20170325_Solås,-Kjerstin-og-Fløtre,-Emma_637.jpg
Emma Fløtre og Kjerstin Boge Solås

Kjerstin hos Breimsbygda

Breimsbygda J12 hadde sin største handballopplevelse da Kjerstin Boge Solås var på mentorbesøk.

Denne saken er eldre enn ett år, og kan inneholde utdatert informasjon.

Laget til Minihandballjenta Emma Fløtre består av 10 jenter og alle var til stades på denne treningsøkta. Det var ein spent og klar gjeng som sat og venta på at Kjerstin skulle kome til Trivselshallen på Sandane. Ekstra stas er det at forbildet kjem frå Dale som også ligg i Sogn og Fjordane, og ho er eit synlig bevis på at det er fullt mulig å bli god sjølv om ein kjem frå ein liten plass.

Kjerstin hadde ei god og variert økt der dei hadde ulike stuss-øvelsar, pasningsvariantar, duellspel en mot en og konkurransar til slutt. Ho var veldig motiverande og jentene smilte frå øyre til øyre. Det var tydelig at dette var noko som dei hadde gleda seg til og såg fram til.

Kjerstin starta treningsøkta med litt leikar, stussøvelsar og pasningar. Jentene var konsentrerte og litt alvorlige i starten, men etterkvart så kom smilet og humøret fram. Etterpå var det duellspel en mot en der hovudfokus var forsvarsarbeid, kanskje Kjerstin sitt spesialfelt.
Til slutt vart dei delte opp i to lag der dei skulle springe over heile bana og skyte. Dei som først fekk ti scoringar vann konkurransen. Her fekk jentene virkelig opp dampen og innsatsen var kjempestor.

Som avslutning på mentorbesøket så var det samling på møterommet der det var diska opp med skillingsbollar, frukt og drikke. Jentene fekk òg lov til å stille Kjerstin spørsmål om ting dei lurte på.

Dette var ein fantastisk dag for J12-laget til Breimsbygda og sjølvsagt for Emma Fløtre. Og det er ikkje tvil om at Kjerstin er eit flott forbilde både for denne gjengen, men òg for andre handballjenter rundt omkring i heile landet.

Her er bilder frå besøket (fotos: Breimsbygda):  

20170325_Solås,-Kjerstin_Mentorbesøk2_637.jpg

Lydhøre jenter får instruksjon. 

20170325_Solås,-Kjerstin_Mentorbesøk_637.jpg

20170325_Solås,-Kjerstin_Mentorbesøk-Breimsbygda_637.jpg

Fornøyde jenter etter besøket.